For ei tid sidan om eg over eit morosamt kapittel om dans i ei bok frå byrjinga av 1700-tallet. Eg tenkte det kunne være interessant i dansehistorisk samanhang. Boka, 'Der vollkommende Teutche Soldat', er skreven av Greve Ferdinand Flemming, og kom ut i Leipzig i 1723. Ho handlar eigentleg om organisering av militære forhold, men har og ein diger bolk om 'høveleg folkeskikk'. Dette kapitlet er ein del av ei større utgreiing av oppseding og utdanning av ungdomar.
Her er byrjinga av kapitlet 'Von der Musique, Tanzen, Fechten und Voltigiren'. Eg har omsett det ifrå tysk, og korta det litt ned:
"Våre dagars 'galante verd' forlanger mykje av unge menneske før dei kan seia seg kvalifiserte. Dei
lyt vera vel røynde både innan vitskap og kunst, og jamvel innan all slags eksersis og etikette. Musikk
er særs nyttig og behageleg, den muntrar opp og spreier glede ved alle høve. Den som forstår seg på
musikk og takt kan og mykje snøggare perfeksjonere seg som dansar. Dog bør ikkje unge menneske
øyde for mykje tid på musikken. Den er ein biting, og lyt ikkje koma i vegen for viktigare syssler.
Instrumentet må veljast med stor omtanke for den einskildes evner og legning, og kva som høver folk
av hans stand. Trompetar, oboar og andre intrument som gjev alt for mykje larm, skader kropp og
helse. Lungene fer ille, og kinn og auge vert oppblåste. Ei lita fløyte, ein fiolin, lutt, gitar, viola
d'amour, viola da gamba, og andre slike instrument er både mykje betre likte og egna.
Dansen, jamvel om han idag for det meiste vert misbrukt, lyt ikkje forsømmast. Han aukar den
allmene dugleiken, og gjev kroppen betre haldning og eleganse, for alle daglege gjeremål. Unge
menneske lyt få ein dugeleg dansemeister, som kan lære dei å halde føtene ut, gå rett, skyte fram
bringa og gjere helsingar. Om ein ikkje har nytte av dansen kvar dag, så lyt ein i alle høve helsa. I
dansen lyt ein framfor alt lære å akte takt og sømmerleg framferd. Mange krumspring og luftige svev
fell ikkje alle i smak, dansen vert mykje sirligare om ein ikkje gjer underlege og unødige røsler med
hovud og hender.
Unge menneske må ikkje danse for mykje solo, eller framande dansar som berre nyttast til opera og
slikt. Æ forderve tid og pengar såleis høver berre for dei som gjer dansen til yrke. Derimot rekk det om
dei kan danse ein menuett, ein courante, ein menuett d'Anjou, ein passepied, og ein vakker
vainqueur. Menuettane er dei vanlegaste dansane overalt, frå hoffet til private samkomer. Etter desse
er dei engelske dansane mest moderne, og den som har høve til å lære seg slike, gjer ikkje urett i det.
I dansen må ein akta seg for å gå for langt i nokon lei, ikkje for forsiktig og fryktsam, men heller ikkje
for frekk og vill. Nokre smyg fram som om dei trør på egg, medan andre skuttar ikring med hundre
tusen ville miner og sprang, mest som utroparar på teateret."
Greve Flemming ser altså ikkje dansen berre som ein naturleg del av selskapslivet, men og som eit middel til å lære ungdommen å te seg i det daglege. Det var kanskje ikkje så dumt. Råda hans om å 'dansa ut', enkelt og utan overdrevne røsler, er i alle høve like aktuelle i dag.